onsdag 17. juni 2020

Lomen Stavkirke

Inngangsporten - det var ikke så mange som har gått her enda i år. Langt gress

Lomen Stavkyrkje vart antagelig bygd rundt 1180 og vart brukt som soknekyrkje fram til 1914. Da fikk Lomen ny kyrkjer og stavkyrkja blir etter det bruk berre i spesielle høve.

Lomen Stavkyrkje er ei søylestavkyrkje med fire frittståande søyler i kyrkjerommet. Dei andre stavane kviler på bjelker på himlingsnivå. Dei fire søylene ber det opphøgde midtpartiet. 


Utsikta frå kyrkja er god. Sumarstid vert kyrkja brukt til byllaup og gudsteneste m.a ved Olsok.

Snorre Sturlasom omtaler kristninga av Valdres i 1023. Heilage Olav kom frå vest og brende ned gardar og tok bønder som gisler før dei let seg kristne. Snorre skreiv at har let bygge kyrkjer og innsette prestar. Men ingen av dei fyrste kyrkjene fins i dag.

Valdres hadde svært mange kyrkjer i mellomalderen. Svartedauden reduserte folketalet frå 3500 til om lag 1200 og likevel var det Valdres mist 21 kyrkjer.: 18 stavkyrkjer o 3 steinkyrkjer.

Både stupolen (klokketårnet) og kyrkja er i dag freda.
Hoveddøra

Utsyn sørover. For å koma opp til kyrkja må ein parkere ved hovudvegen og gå igjennom gardstunet du ser bak i bildet. 

Eit gamalt slitt skilt synar veg


Stigen opp mot kyrkja. 
Samler du på stempel så fins det eit eige Lomen-stempel i ei kasse på veggen til sanitærbygget. Dette bygget var stengd da eg var der, men er nok ope i sommerrferien. 

Stigen

Skilt ved parkeringa

Dette vegskiltet synar kor du må ta av E16. Og skiltet står ved den parkeringsplassen som blir nytta av kyrkja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar